Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Thessalonians 3

:
Norwegian - NO2011NN
1 Til slutt, sysken, be for oss at Herrens ord fritt løp og haldast i ære, liksom hos dykk!
2 Og be om at vi bli berga frå vrange og vonde menneske for det er ikkje alle som trur.
3 Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.
4 Og i Herren har vi den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk.
5 Gjev Herren leia hjartet dykkar fram til Guds kjærleik og Kristi tolmod!
6 Vi byd dykk, sysken, i Herren Jesu Kristi namn, at de held dykk unna alle sysken som ikkje held orden livet sitt og ikkje retter seg etter den overleveringa de fekk av oss.
7 De veit sjølve korleis de leva om de vil likna oss. For vi levde ikkje eit latmannsliv hos dykk,
8 og vi åt ikkje vårt brød hos nokon utan å betala. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.
9 Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme de kunne etterlikna oss.
10 For vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.
11 Men no høyrer vi at somme av dykk ikkje held orden livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, dei berre går og driv.
12 Slike folk byd og formanar vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i det stille og eta sitt eige brød.
13 Men de, sysken, bli ikkje trøytte av å gjera det som rett og godt er!
14 Og er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi har sagt i dette brevet, skal de merka dykk kven det er. Ha ikkje noko med han å gjera, han ser si skam.
15 Men hald han ikkje for ein fiende; tal han til rette som ein bror.
16 fredens Herre sjølv gje dykk fred, alltid og alle måtar. Herren vere med dykk alle!
17 Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Dette er kjennemerket i kvart brev. Slik er mi handskrift.
18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!